– Skulen er ein primærarena for elevars opplevde rasisme, og då nyttar det ikkje å feie temaet under teppet, seier Silje Førland Erdal, universitetslektor ved Institutt for lærarutdanning og skuleforsking, Universitetet i Oslo.
I denne episoden snakkar ho og Claudia Lenz, professor i førebygging av rasisme og antisemittisme ved MF Vitenskapelig høgskole, om korleis norske lærarar og skular kan kome endå meir på bana i dette polariserte landskapet.
– Det lærarane treng, er å skaffe seg kompetanse om korleis dei kan gå inn i vanskelege samtalar og situasjonar med elevane, meiner dei to, og rådar norske skulefolk til å sjekke ut skulesatsinga DEMBRA, Demokratisk beredskap mot rasisme og antisemittisme.
Programleiar er Monica Bjermeland.
The podcast Universitetsplassen is embedded on this page from an open RSS feed. All files, descriptions, artwork and other metadata from the RSS-feed is the property of the podcast owner and not affiliated with or validated by Podplay.