Er det ikkje rart at det kvart år dannar seg nokre "tema", tilsynelatande spontant? I starten av kvalifiseringssesongen i år var det påfallande mange heksete songar som melde seg på, og du treng ikkje be Lars to gongar om å støtte den trenden! Men er Hanne like entusiastisk? Hint: Det norske bidraget ER Trondheimsbasert, og det let som regel bra i eit par øyre frå Nardo. --- Send in a voice message: https://podcasters.spotify.com/pod/show/12poeng/message
Hanne har tydelegvis blitt bestefar sidan sist, og Lars sympatiserer med Erdoğan. Har podcastvertane våre gått heilt av skaftet? Følg med, og få litt Albania, Tsjekkia og Frankrike på kjøpet. --- Send in a voice message: https://podcasters.spotify.com/pod/show/12poeng/message
Sjølv om første semifinale er i dag skal det teknisk sett vere mogleg å høyre denne episoden før det brakar laust. Altså er vi innanfor vårt mandat. Israel, Moldova, Slovenia og Portugal er landa, og etter det er det berre å krysse fingrane for at din favoritt går til topps! --- Send in a voice message: https://podcasters.spotify.com/pod/show/12poeng/message
Pust, pes, kjem vi i mål i tide? Lamminga dreg ut og Kanne Kalse er 50% sjukmeld, og vi hastar framover med tre av dei sju attståande bidraga. Armenia, Aserbajdsjan og Georgia leverer ein mildt sagt blanda potpurri med flagrande friassosiert heksemusikk, SoMe-kritisk trendy morsmålsrap og... earwormpop? Sjangervåsalarm og meir livsvisdom frå folk som ikkje er gamle nok til å leige ein bil. Kaukasus er dagens destinasjon og Hanne og Lars er som vanleg klare med sine friassosierte tankar om det dei leverer. Thing is known. --- Send in a voice message: https://podcasters.spotify.com/pod/show/12poeng/message
To duettar og ein Tyra Banks-protegé med rik far er tema i dagens episode. Lars har gløymt korleis ord fungerer og Hanne har ei rekke godt planlagte zingers som såvidt kan fortollast som humor. --- Send in a voice message: https://podcasters.spotify.com/pod/show/12poeng/message
Tre halvkeisame nummer blir sprita opp av to hilariøse programleiarar, og ein smådeppa kunstig intelligens. Vi besøker Estland, Latvia og Sveits i årers mest søkte ordspeltittel, takk til Hanne. --- Send in a voice message: https://podcasters.spotify.com/pod/show/12poeng/message
Bli med oss på øyhopping når vi besøker små og store på Kypros, Malta og Island på vegen til Liverpool! Hanne lærer oss å lage kokain og Lars har seriøst problem med å hugse sjølv dei enklaste ting. Fekk Hanne lov til å reise på EF Språkreiser som tenåring? Spoiler alert: Nei, så klart ikkje. Vi tek derimot denne episoden som ei språkreise og lærer nye gloser på turen. Saksofon og korps og ein gratis terapitime får du på kjøpet! --- Send in a voice message: https://podcasters.spotify.com/pod/show/12poeng/message
Tre av dei meir kunstnarleg ambisiøse bidraga blir trygt og fagmessig handsama av våre to rutinerte programleiarar i dagens episode. Dei politiske tilhøva på Balkan, til dømes, føler vi at vi har full kontroll på. Kann er tilbake frå påskeferien og kan opplyse om at vi har mange episoder igjen av sesongen. Takk for tipset, Kanne, men desse episodebeskrivelsane må òg skrivast, og det tek jo tid. Dagens tur går til Tsjekkia med stoppestadar i Kroatia og Serbia. Kos dykk! --- Send in a voice message: https://podcasters.spotify.com/pod/show/12poeng/message
Vi møter stadig problem i det at vi er så innmari gamle blitt, og vi skjønar ingenting av at deltakarane i ESC no er småungar som vart fødde etter at vi vart vaksne. Vi greier ut om vår djuptgåande kjennskap til Sosiale Media og demonstrerer ei generelt ungdommeleg innstilling. Lars klagar over det verste året i ESC og Hanne er ivrig etter tilbakemeldingar på eigne prestasjonar. Landa vi går gjennom i dag er Danmark, Hellas og Storbritannia. --- Send in a voice message: https://podcasters.spotify.com/pod/show/12poeng/message
Nokre får berre ikkje nok av ESC! Vi snakkar om to tilbakevendande artistar, som begge har mykje å leve opp til. Og så miksar vi inn ein enerverande attenåring med ein rotete bodskap. Berre sånn for å bli ferdig med det liksom. --- Send in a voice message: https://podcasters.spotify.com/pod/show/12poeng/message
Vi handsamar nokre av årets talrike band, og tek i dag for oss dei lengst ute på rockelinja. Ikkje uventa blir det blanda kjensler rundt dette. Hanne Espelid Hovig stiller også med ei lita heimkunnskapsoverrasking! #Tyskland #SanMarino #Australia #ESC2023 #Eurovision #PiñaColada #Alkoholfritt --- Send in a voice message: https://podcasters.spotify.com/pod/show/12poeng/message
Vi får celebert besøk, og du blir sikkert glad for å høyre at det ikkje er Sophie Elise eller Fetisha, men derimot Marièl og Martin, som er langt å foretrekke spør du oss. Vi snakkar litt om oåoå og Cèline, og deler ikkje synet på finsk techno. Men ellers vil vi karakterisere tonen som gemyttlig, for det meste. #Finland #Käärijä #Frankrike #LaZarra #Monika #Litauen --- Send in a voice message: https://podcasters.spotify.com/pod/show/12poeng/message
I dag blir vi presenterte for eit eklektisk utval songar, og før du skriv ein rasande e-post til oss om at vi berre snakka om to bidrag i dag kan vi berolige deg med at joda, du har berre gløymt Irland sitt i midten der. Du gløymde det allereie medan du høyrde det, berre spol tilbake og sjekk, det er der. Kanne Kalse kjem med få og gamle nyhende og møter ein ny kollega. Hotellkapasiteten i Trondheim blir diskutert inngåande, på eit lokalgeografisk detaljnivå som sikkert er pirrande viss du ikkje er kjent i byen. Noko for ein kvar smak altså! #Norge #Alessandra #QueenOfKings #Irland #WildYouth #WeAreOne #Spania #Blanca #Paloma #EAEA --- Send in a voice message: https://podcasters.spotify.com/pod/show/12poeng/message
Synst du vi er trege med å kome i gang? OK, kva har du tenkt å gjere med det då liksom? Vi tenkte oss det ja, berre sett deg ned og ta det du får, og ver nøgd med det. Fem sesongar baby! For å ta vare på vår eigen psykiske helse hoppa vi over MGP-dekninga i år og hoppar rett på djupt vatn med dei tre første bidraga som skal til Liverpool. Spoiler alert: Vinnaren i 2023 er ikkje med i denne episoden. Med mindre vi snakkar om ho som vinn kvart år: Kanne Kalse! #Albania #Belgia #Ukraina --- Send in a voice message: https://podcasters.spotify.com/pod/show/12poeng/message
Vi vurderer årets Eurovisionveke og resultat dagen etter ESC-finalen 2022. Pluss: konkurranseresultat. --- Send in a voice message: https://podcasters.spotify.com/pod/show/12poeng/message
Australia, Norge, semifinale 2 og attpåtil KONKURRANSE. 12 poeng runder av sesong 4 med det som kanskje er den siste episoden, diskuterer livets betydning og gleder seg til Eurovision-uka. Delta i konkurransen DU OGSÅ! --- Send in a voice message: https://podcasters.spotify.com/pod/show/12poeng/message
Hellas, Nord-Makedonia og første semifinale i en one pot på lav varme. 12 poeng får sin egen spådame (kanskje en fast karakter i neste sesong???) og Lars snakker om foppall. --- Send in a voice message: https://podcasters.spotify.com/pod/show/12poeng/message
Sveits, Østerrike og... Romania? står for tur. Etter ein serie oppturar dei siste seks bidraga vi har diskutert må vi dessverre førebu dykk på eit sett som held eit noko meir meh nivå. Men tru ikkje at det stoppar oss frå å vere superunderhaldande. Vi snakkar om kjensler, vi snakkar om nittitalsbandet Mr. President, vi snakkar om tonekjønn, øydelagde scener og Hurtigruta Carglass. Heng deg på i innspurten til ESC 2022! --- Send in a voice message: https://podcasters.spotify.com/pod/show/12poeng/message
Enda ei episode som har ligge på vent i lang tid. Vi har prøvd å fjerne alle referanser til påske, sidan denne vart tatt opp før påske og blir gitt ut veldig, veldig lenge etter påske. Men vi skal besøke aust-Europa i dag i ei av vår meir sjangermessig varierte og -våsete episoder, dessutan litt feil/klønete uttale av namn og anna snacks. Velkommen til Moldova, Polen og Ukraina. Rekn med dei opp- og nedturane i stemning det medfører. --- Send in a voice message: https://podcasters.spotify.com/pod/show/12poeng/message
Då du gjekk på ungdomsskulen, valde du engelsk fordjuping, tysk eller breton? I denne episoden tek vi for oss dei tre siste av dei fem store, Lars tek eit oppgjer med OL, Frankrike maksar morsmålsometeret og Tyskland leverer både hummar og kanari. Dessutan er England ei slags positiv overrasking. --- Send in a voice message: https://podcasters.spotify.com/pod/show/12poeng/message
Gammal Maiden
Feedback med Egon Holstad
Let there be Pod
Metallista
Radio Fenriz på norsk
Podkasten 12 Poeng er innebygd på denne siden fra en åpen RSS feed. Alle filer, beskrivelser, illustrasjoner og andre metadata fra RSS-feeden tilhører podcasteieren og er ikke tilknyttet eller validert av Podplay.