Foredrag med Gunnar Skirbekk.
Er ytringsfridom eit allmenngyldig prinsipp? Eller berre ein vestleg verdi, i ei globalisert verd prega av kulturelt mangfald og geopolitiske spenningar?
Eit velkjent og stridig tema, i mange samanhengar – jf striden om karikaturane i Jyllandsposten.
Derfor, to spørsmål:
- I kva forstand er det mogleg å grunngi ytringsfridom som eit allmenngyldig prinsipp, forpliktande for oss alle, alle vi som lever i dag, i dagens kriseramma samfunn?
- Og i så fall, kva for grep må til for å styrke ein open og opplyst ytringskultur, mellom anna med brodd mot ‘fake news’ og manglande opplysning?
Gunnar Skirbekk, professor em. i vitskapsfilosofi ved UiB, tar utfordringa.
Akademisk lunsj er eit samarbeid mellom Universitetsbiblioteket, Bergen Offentlige Bibliotek, HVL og NHH.