Facebook Pixel
BOBcast

Akademisk Lunsj - Lærende Voksne

Beskrivelse

Korleis kan vi legge til rette for livslang læring for vaksne med låg kompetanse og svak tilknytning til arbeidsmarknaden? Kan vi betre vaksne sine moglegheiter til å skaffe seg meir kompetanse, og få fleire moglegheiter i arbeidslivet? Kva hindrar vaksne i å få formell kompetanse, og kva kan vi gjere med det?

Foredraget er ved Astrid Oline Ervik, som er arbeidsmarknadsøkonom og tilsett som forskar ved FAIR Insight Team, Samfunns- og næringslivsforskning (SNF) og er tilknytta FAIR - Centre for Experimental Research on Fairness, Inequality and Rationality ved NHH.

Frå 2017 til 2023 vert det gjennomført eit nasjonalt forsøk i vaksenopplæringa, der opplæringa er inndelt i ulike modular tilpassa vaksne sitt kunnskapsbehov og behovet for fleksibilitet. Forsøket legg òg til rette for samarbeid mellom opplæringssektoren og velferdssektoren. Saman med eit team av forskarar følgjer Astrid Oline Ervik dette forsøket tett. Ho vil fortelje om det pågåande forsøket, utfordringar ved det, og kva effektar det ber med seg så langt. Ho vil også setje forsøket i samanheng med tiltak med liknande føremål, som å gje fleire meir kompetanse og auka velferd.

Akademisk lunsj er eit samarbeid mellom Bergen Offentlege Bibliotek, Universitetsbiblioteket, HVL og NHH.

Kategorier