Er det nokon skilnad på julemarsipan og påskemarsipan? Og er det eigentleg nokon skilnad på Ina og Dina, om ein ser bort ifrå den eine bokstaven?
Det får du svar på i vekas podcast, der ungdomspolitikarane Ina Martine Brendø og Dina Bovim er gjester. Dei fortel dårlege vitsar. Dei fortel om kor vanskeleg det er å lære ungdomspolitikarar frå Måløy om forholdstal. Dei fortel kor vanskeleg det er å ta båten til Måløy. Og kven er eigentleg deira politiske forbilde?
Ta ein lytt på vekas podcast og bli betre kjend med to av byens mest sentrale ungdomspolitikarar.
Podkasten Firdaposten er innebygd på denne siden fra en åpen RSS feed. Alle filer, beskrivelser, illustrasjoner og andre metadata fra RSS-feeden tilhører podcasteieren og er ikke tilknyttet eller validert av Podplay.