Facebook Pixel
Kolon forlag - podkast for ny litteratur

Gunnhild Øyehaug: «Knutar +»

Utdrag frå lydboka «Knutar +» av Gunnhild Øyehaug, lese av Silje Breivik.

Om boka:
«Knutar», som kom ut i 2004, har no fått eit plusstillegg: fire noveller frå «Stol og ekstase» (2006). «Knutar +» er ei samling korte noveller som fortel om mentale, seksuelle, familiære band, om kjærleik, om innfløkte, nødvendige og uunngåelege situasjonar, forknytte og ikkje fullt så forknytte menneske. Novellene balanserer mellom det sanselege, det surrealistiske og det komiske: Vi møter til dømes ein misnøgd hjort, ein mann som er knytt til si eiga mor gjennom ein ubryteleg navlestreng, ei ung kvinne som er hemmeleg forelska i sin dødssjuke besteven, og ein noko merkverdig ufo.
Kolon forlag - podkast for ny litteratur
Ikke spilt