Facebook Pixel
Kolon forlag - podkast for ny litteratur

Gunnhild Øyehaug: «Vonde blomar»

Utdrag frå lydboka «Vonde blomar» av Gunnhild Øyehaug, lese av Silje Breivik.

Om boka:
Umogelege metamorfosar, kjøtmeiser, mygg og menneske med store lengslar, store sorger, små problem og store og små tankar spelar seg ut i novellesamlinga «Vonde blomar». Kva skal du til dømes gjere når du plukkar vonde blomar? Kva skal du seie i opningstalen din når det flunkande nye museet ditt har sokke i jorda? Kva skal du gjere når alt du tek i blir til slimål? Og kva skal du gjere når du har lengta etter å besøke dei kvite klippene ved Dover, men no er død?

«Vonde blomar» handlar om kjærleik, død og opprør, om å skifte form eller å bli verande den same, om flokane i det arbeidet som heiter å forstå.
Kolon forlag - podkast for ny litteratur
Ikke spilt