Facebook Pixel
Podcast UiB

"Slik blir du påverka av musikk"

Podcast UiB
Podcast UiB

Kvifor blir du oppstemt av visse typar musikk, og kjenner deg melankolsk av annan musikk. Kva er det som skjer i hjerna når alle på ein rockekonsert dansar i takt? Geir Olve Skeie er overlege i nevrologi ved Haukeland Universitetssjukehus i Bergen og pianist, i tillegg er han professor ved Griegakademiet - Institutt for musikk ved Universitetet i Bergen. Han har saman med nevrolog Are Brean skrive boka Musikk og hjernen: Om musikkens magiske kraft og fantastiske virkning på hjernen. I denne podcasten fortel han om korleis musikk verkar på hjernen, og kva hjernen gjer med musikk. Og kvifor det kan vere visse fordelar med å velge ein musikar som far til dine barn. Musikken i podcasten blir spela av Skeie sjølv og er ein etyde av Chopin spelt polyrytmisk, som i dette tilfellet tyder at høgrehand speler i 3-takt medan venstre har 4-takt. Podcasten er laga av Hilde Kvalvaag, Kommunikasjonsavdelinga, UiB med hjelp av Tane Høisæter produsent ved Læringslaben under Kommunikasjonsavdelinga, UiB

Podcast UiB
Ikke spilt