Facebook Pixel
Priest VS Maiden

#011 Hallowed be thy name med Totto Mjelde

Priest VS Maiden
Priest VS Maiden

Totto Mjelde er ein av NRK sine store profilar innan rock, og kjent frå P3 i god gamle dagar, og P13 gode nye dagar. Programmet PYRO bana veien for moderne norsk rockeradio, og i dag er han aktuell og elska i programma Stjernepose og Gitar.


Det store spørsmålet denne gongen er: Er det Priest eller Maiden som gjer seg best på radio? Radiomannen gjer sin faglige vurdering, men vi får og litt strenge kommentarar til både KK Downing og ikkje minst Janick Gers, og vi får høyre korleis det er å møte og gjere intervju med både Priest og Maiden. Og mykje meir.


Tarjei's nevø Aleksander har kome fram til Stained Class i sin ferd gjennom katalogen, så vi får og høyre kva han synes om den.


SPOILER ALERT!


Poenget denne gonget går til Judas Priest. Stillinga etter denne nest siste episoden i denne sesongen er spanande Priest 3,5 , Maiden 3,5 - uavgjort!


Favorittar:


Iron Maiden:

  1. The Trooper
  2. Flight of Icarus
  3. Children of the damned

Album: Piece of Mind


Judas Priest:

  1. Hell bent for leather
  2. You've got another thing coming
  3. Freewheel Burning


Album: Killing Machine


Musikk-vignettene som blir brukt er inspirert av Priest og Maiden, og fremført av Andrea Noah Boma Boccarusso, og brukt med tilltattelse av fremfører. Du finner han på instagram @boma_ab og YouTube.



Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Priest VS Maiden
Ikke spilt