Facebook Pixel
Universitetsplassen

87. Har norske lærarar fått berøringsangst for rasisme?

Universitetsplassen
Universitetsplassen

– Skulen er ein primærarena for elevars opplevde rasisme, og då nyttar det ikkje å feie temaet under teppet, seier Silje Førland Erdal, universitetslektor ved Institutt for lærarutdanning og skuleforsking, Universitetet i Oslo.

I denne episoden snakkar ho og Claudia Lenz, professor i førebygging av rasisme og antisemittisme ved MF Vitenskapelig høgskole, om korleis norske lærarar og skular kan kome endå meir på bana i dette polariserte landskapet.

– Det lærarane treng, er å skaffe seg kompetanse om korleis dei kan gå inn i vanskelege samtalar og situasjonar med elevane, meiner dei to, og rådar norske skulefolk til å sjekke ut skulesatsinga DEMBRA, Demokratisk beredskap mot rasisme og antisemittisme.

Programleiar er Monica Bjermeland.

Universitetsplassen
Ikke spilt