Facebook Pixel
Utestemmer

Pia som elskar havet

Utestemmer
Utestemmer
Nasjonalfisken i Norge er verken laks eller sild, men slimålen. Hadde marinbiolog Pia Ve Dahlen fått bestemma hadde det truleg vorte den sjølvlysande haien (!) svarthå som fins langs norskekysten i staden. Pia er eit fyrverkeri av ein marinbiolog som elskar havet og alt som lever i det, men som for to år sidan var så utmatta at sjølv ikkje havet gav glede. I sommar kom den intense gleden av å duppa i vass-skorpa tilbake, og hennar misjon om å gjera alle andre like glade i havet som det ho er, er om mogeleg endå sterkare. 

Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Utestemmer
Ikke spilt