Facebook Pixel
Veka som var

Kulturhus, varaordførar og heradsfest

Veka som var
Veka som var

Denne veka gjestar varaordførar Sigbjørn Hauge podkasten, og greier ut om korleis han ser for seg at grendeutvala skal verta eit gode for heradet. Han fortel og om kva som har gjort at han held ut i lokalpolitikken på over tjuande året.


Kulturhuset startar med nye, blanke ark og ny sjef i desse dagar. Randi Kvinge heiter sjefen, og ho har både konkrete planar og nokre store visjonar for framtida i og rundt huset. Ho delar tankane sine med oss i podkasten denne veka.


Thor Trå er kulturrådgjevar i heradet, og ein av dei som jobbar med å festa i gang heradet i månadsskiftet februar/mars. Då er innbyggjarane inviterte til fest og moro tre dagar til endes, og du får høyra kva heradet vil by på i dag.


Men me byrjar med fortida til kulturhuset, journalist Bjørn Sandnes har rekna på kva konfliktene på huset har kosta i kroner og øre dei siste åra, og det er ikkje småpengar.


Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Veka som var
Ikke spilt