Den største kostnaden på mange gardar er grovfôret. Her er det mykje pengar å spara for mange. Somme tener pengar på grovfôrproduksjon, medan andre meiner det er så dyrt at dei like godt kan kjøpa inn meir kraftfôr.
Korleis skal du lukkast? Denne veka gir Bondevennens podcast-vertar Ingvild Luteberget Nesheim og Magnus Haugland deg råd om kva faktorar du sjølv kan påverka.
Med i episoden er også rådgjevar i Noregs Bondelag Anders Huus, Andreas Lundegård frå Tveit Rekneskap, samt NLR-rådgjevar Bård Oliver Gjellestad.
Bondevennens podcast blir presentert i samarbeid med Sparebank 1 SR-Bank og Tveit Rekneskap, og er i tillegg sponsa av Felleskjøpet Rogaland Agder.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
The podcast Bondevennen is embedded on this page from an open RSS feed. All files, descriptions, artwork and other metadata from the RSS-feed is the property of the podcast owner and not affiliated with or validated by Podplay.