Facebook Pixel
RVTS Vest Podcast

Traume og triggarar ut til folket - Fredagsfokus podcast - 27.10.2023

RVTS Vest Podcast
RVTS Vest Podcast
Var det enklare før, då traumefeltet tilhøyrde og vart drive av spesialistar? Då skiljet mellom psykisk helsearbeid og skule/utdanning var tydelegare? Var det ikkje enklare når ansvarsområda var relativt avklara?

Vi er ikkje så sikre på det. Det er det same barnet som går på skule, i barnehage, til fotballtrening, til legen og spesialisthelseteneste. Eit heilt menneske som ikkje stykkevis og delt befinner seg her eller der. Kva barnet opplever i familien og på skulen, påverkar behandling og tilfriskning - behandling og tilfriskning påverkar familien og skulen.

Traumebearbeiding skjer ikkje først og fremst i den klokketimen barnet sit i terapirommet - i alle fall ikkje om du spør hjernen.
Traumebearbeiding skjer heile tida - ei bearbeiding alle rundt barnet kan legge til rette for.

At kunnskap om traume og triggarar tilhøyrer skular, barnehagar og i barneidretten? Ja, sjølvsagt!

Sendingen gikk 27. oktober 2023.

I panelet:
Steinar Hvål, psykologspesialist
Mette Garmannslund, psykologspesialist
Linda Kvalvik, områdeleiar for Barn og unge
Beate Gauden, spesialkonsulent

"Fredagsfokus podcast" er lydutgave av Fredagsfokus, som hver måned strømmes live på www.facebook.com/RVTSVest og rvtsvest.no/live/. Se alle tidligere Fredagsfokus her: rvtsvest.no/fredagsfokus/
RVTS Vest Podcast
Ei soiteta