Facebook Pixel
Priest VS Maiden

#010 Sinner med Harald Frode Unneland

Priest VS Maiden
Priest VS Maiden

Frodis (Harald Frode Unneland) er ein super trommis, låtskrivar og vokalist med lang fartstid frå band som Pompel & The Pilts og Savoy, og han er framleis aktiv som turnetrommis og i bandet Evig Din For Alltid. Sjølv om han ikkje er ein utprega heavy-trommis i dag er Priest og Maiden er to av dei banda han vaks opp med og lærte seg å spele trommer til.


Maiden har hatt to trommisar, men i Priest har det vore inne ikkje mindre enn seks trommisar som har bidratt live og på plate. Vi går gjennom ein god del av dei og snakkar om spelestil, bidrag til bandet og bidrag til heavy-tromming generelt. Vi får og høyre om at Frodis sin kompis og heavy-leverandør i Huddersfield og ein ellevill champangefrukost saman med Iron Maiden!


SPOILER ALERT!


Frodis sin favoritt blant alle trommisane er Simon Philips, som spelar trommer på Sin after Sin. Stillinga etter denne episoden vert då Priest 2,5 og Maiden 3,5.


Topp tre (her tok Frodis både låtar og topp tre album!):


Priest:


Låtar


1.Sinner

2.Hell bent for leather

3.Exciter


Album


1.Sin After Sin

2.Killing Machine

3. Stained Class


Maiden:


Låtar


1.Still life

2.Number of the beast

3.Wasted years


Album


1.Piece of mind

2.Number of the beast

3.Somewhere in time


Musikk-vignettene som blir brukt er inspirert av Priest og Maiden, og fremført av Andrea Noah Boma Boccarusso, og brukt med tilltattelse av fremfører. Du finner han på instagram @boma_ab og YouTube.


Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Priest VS Maiden
Ikke spilt