Facebook Pixel
SunnhordlandPodden

Inger Karin Larsen - om sirkus og livet som hotelldirektør for Skånevik Fjordhotell i ei tøff tid

SunnhordlandPodden
SunnhordlandPodden

Då hotelldirektør Inger Karin Larsen var ei lita jente, hadde ho ein draum om å reise rundt med sirkuset. Dei siste 16 åra har ho skapt sitt heilt eige sirkus i Skånevik Fjordhotel - der ho balanserer suppeskåler, spreier glede og skapar ei spesiell oppleving for gjestene på Skånevik Fjordhotel. Å vera hotelldirektør er kanskje det nærmaste du kjem eit sirkus? Spesielt no når nesten alle ansatte er permitterte grunna korona - og Inger Karin er både kokk, servitør, reinhaldar og resepsjonist. Ja, i tillegg til ansvaret for sjølve drifta, sjølvsagt. Tidene har aldri vore tøffare, men ho er fast bestemt på å halde fram å sprudle i hotellmanesjen.

--- Send in a voice message: https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhordlandpodden/message
SunnhordlandPodden
Ikke spilt