Facebook Pixel
Podkast fra Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse

Veilderforum-podden: Skolens rådgiving

I denne episoden av Veilederforum-podden så er det rådgiving i skulen som er tema. Det er Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) som har det faglege ansvaret for karriererettleiinga i skulen, mens Utdanningsdirektoratet har ansvaret for lov og forskrift og den sosialpedagogiske rådgjevinga. Dei faglege omgrepa karriererettleiing og karriererettleier nyttast innan fagfeltet på tvers av sektor, og refererer til same teneste som i Opplæringslova kor omgrepa utdannings- og yrkesrådgjeving og rådgjevar brukast. Vi brukar begge disse omgrepa i denne episoden.

I denne episoden pratar vi med førsteamanuensis Ida Holth Mathiesen, ved Nasjonalt senter for læringsmiljø og åtferdsforsking ved Universitetet i Stavanger. Ho er opptatt av at alle elevar får ein likeverdig karriererettleiing, og har i ein årrekke forska på rådgjeving og karriererettleiing i skulen. Holth Mathiesen har skrevet doktorgradsavhandlinga Balansekunst: Skolens rådgivning i møter mellom kontekstuelle, relasjonelle og politiske forventninger om rådgjeverrolla i skulen og korleis skolens rådgjeving formast i møte med samansette forventningar. Og ho er spesielt opptatt av det spennet som rådgjevaren står i, mellom forventningar og ressursar.

Podkast fra Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse
Ikke spilt