Facebook Pixel
Litteraturhusets podkast

Kvar skal ein byrje med Fosse? Med Tore Renberg, Kathrine Nedrejord og Kjartan Fløgstad

Litteraturhusets podkast
Litteraturhusets podkast

No som Jon Fosse har fått nobelprisen, bør eg vel lese noko av han, tenkjer du kanskje. Men kvar skal ein byrje? Dramatikken, poesien, eller kan hende det store verket Septologien?

Til Litteraturhuset kjem tre forfattarar som har svært ulike inngangar til Fosse sin forfattarskap. Dei vil dele sine favorittar og kome med tips til kvar ein kan byrje – og fortsetje! – med Jon Fosse sine mange bøker.

Tore Renberg er forfattar av ei rekke bøker for både barn og vaksne. I år kom romanen Lungeflyteprøven, som vart nominert til Bokhandlarprisen.

Kathrine Nedrejord er forfattar og dramatikar. For si siste bok, Forbryter og straff, vart ho nominert til Nordisk råds litteraturpris i 2023.

Kjartan Fløgstad er ein av våre fremste samtidsforfattarar og har gitt ut nær femti bøker.

Samtalen blir leia av Karin Haugen, forfattar og journalist i Klassekampen.


Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Litteraturhusets podkast
Ei soiteta